Vebakkjen Seksjonsbygg

Vabakkjen Seksjonsbygg omfattar to nye lagerbygg med totalt 26 lagerseksjonar på Stord. Prosjektet ligg i eit etablert næringsområde med kort avstand til E39 og enkel tilkomst.

Seksjonane varierer frå 64 til 74 m² og har eigne køyreportar og inngangsdører. Med om lag seks meter takhøgd og høve til å slå saman tilstøytande seksjonar gir bygga fleksible løysingar for ulike plassbehov.

Bygga blir oppførte med isolerte sandwichelement og betonggolv, og det er lagt fram vatn, avløp og trekkrøyr for fiber til kvar seksjon.

Vestøve har bidrege i prosjektet i samarbeid med LT Finans. Første byggjetrinn nærmar seg ferdigstilling, medan andre byggjetrinn er under arbeid.

 
Neste
Neste

Sansehage - Bømlo